NISSER HYTTEGREND OG CAMPING Bjarne Reime

Adresse: Fjone, 3855 TREUNGEN

Telefonummer: 48100112

Om Nisser Hyttegrend

Nisser Hyttegrend er ei hyttegrend i Nissedal kommune. Me tilbyr sjølveigartomter for alle slags hyttemodellar og utleigetomter for mobile hytter. I tillegg tilbyr me ein meget gunstig pris på totalpakke med tomt og hytte saman med vår samarbeidspartner Smarte Hytter.

Vel møtt på våre fellesvisningar! Private visningar ordnast etter avtale.

Me ordnar med gratis overnatting i hytte på Nisser Hyttegrend og camping i forbindelse med visning av tomter og hytter!

Dersom du ynskjer å bli betre kjend med området i Nissedal, kan du leige hytter eller campe på Nisser Hyttegrend og camping.

Her finnast hytter i mange størrelsar og standardar, og vi kan vere behjelpelege med både kort- og langtidsleige.

Vi har avtale med nokre av hytteeigarane på Nisser Hyttegrend om leige av privat hytte i feltet for å "prøvebu" grenda før ein bestemmer seg for å kjøpe eller leige tomt.

Ta kontakt med oss på mob. 48 10 01 12 for langtidsleige eller med Bjarne Reime 35 04 78 67 på Nisser Hyttegrend og camping for korttidsleige eller camping.

Tarzan-slynger - Merka turløyper og skiløyper - Klatring - Rapellering - Nissedal Klatresenter - Plukk dine eigne bær

Tarzan-slynger!
Få eit skikkeleg adrenalinkick. Med fullt klatreutstyr og kyndig instruktør hoppar du frå 9 eller 14 meter og pendlar fram og tilbake.


Merka turløyper og skiløyper

Området har 9 merka turløyper av forskjellig lengde og vanskegrad. Her kan du råke på elg, hjort, reinsdyr, rådyr eller bever. Alle turløypene fører til flotte utkikspunkt over Nisser og fjellheimen rundt.


Plukk dine eigne bær!

Skogane rundt Fjone er kjende som gode bærtrakter. Folk kjem langvegs frå for å fylle opp frysarane med blåbær og tytebær. Før i tida var eksport av blåbær til gruveområda i England ei viktig attåtnæring.

Klatring

Nissedal som klatreområde vart oppdaga fyrst og fremst av tyske klatrarar på slutten av 80-talet. Utover på 90-talet vart Nissedal stadig meir populært blant norske, svenske og danske klatrarar. I dag er området eit av dei mest bruka i Norge.Her finn du meir enn 20 ulike fjellparti med fin sva- og klippeklatring på hard granitt av alle vanskegradar. Det er kort anmarsj til dei fleste rutene. I tillegg finn du fantastiske buldreproblem, spesielt ved Hægefjell. I dag foregår det klatring i Nissedal nesten heile året. Vinterstid kan ein finne fine isparti (sjå Norsk Klatring des. 2000).

Rapellering

Me har forskjellige felt (det eine like ved campingen) for rapellering frå 15 til 50 meter.

Nissedal Klatresenter

Nissedal Klatresenter er ein del av Nisser Hyttegrend og Camping.Her finn du innandørs klatrevegg med buldrerom.Anlegget vert bruka av klatrarar så vel som turistar og grupper av forskjellige slag.Her kan du leige utstyr og instruktør, eller du kan klatre på eigahand dersom du har erfaring nok. Me har sal av klatreutstyr. Mange klatrarar overnattar i våre hytter, i telt på campingen eller i storgamma vår (sjå denne).

Ein del klatrarar ligg også i telt ved det mest populære fjellet, Hægefjell, der me har bygd ein enkel klatreleir med miljøtoalett,avfallsdunkar og grillplass for å ta vare på dette unike området

http://www.nisser.no

 

FIRMAINFORMASJON

NISSER HYTTEGREND OG CAMPING Bjarne Reime

Bransje:Drift av campingplasser

Org. nr:970047905

Registrert:12. 03. 1995

Keywords:klatring, stisykling, sykling, terrengsykling, sykling telemark, fjellklatring telemark, fjellklatring, camping, nissedal, hyttelei, hytte utleie, kjøpe hytte, hyttetomt, leie hytte, campingplass, leige hytte, hytte utleige, Nisser Hyttegrend og camping, hyttegrend, Nisser Camping, Nisser Hyttegrend, langtidsleie hytte, camping telemark, hiking, fiske, fisking, billig hyttetomt, turløyper, turløype, klippeklatring, tarzan slynger, Hægefjell, treungen

NISSER HYTTEGREND OG CAMPING Bjarne Reime

Telefonummer: 48100112

Adresse: Fjone, 3855 TREUNGEN

Skriv omtale av NISSER HYTTEGREND OG CAMPING Bjarne Reime

Skriv omtale av NISSER HYTTEGREND OG CAMPING Bjarne Reime

Din vurdering av bedriften